Utbygging av Kjørnes III i Sogndal kommune

1. Reguleringsplanar og grunnavståing

2.
Sal av Kjørnes III

3.
Vatn og avlaup

4.
Manglande sikring

5.
Miljøkriminalitet

6.
Hjortegjerde

7.
Ulovleg vegbygging

8.
Rådmannen og hagestova

Kommentarar eller spørsmål kan sendast til: Sogndal kommune e-postadresse: postmottak@sogndal.kommune.no

I reguleringsplanen for Kjørnes III er det vist 8 nye einebustader i felt A.

Den 25. januar 2007 vedtok forvaltningsutvalet samrøystes å endre dette til 6 tomannsbustader og 2 firemannsbustader.

Alle medlemmene i forvaltningsutvalet var einige med rådmannen i at denne utvidinga frå 8 til 20 bueiningar var ei "mindre vesentleg reguleringsendring".

Forvaltningsutvalet fann ingen grunn til å sjå nærare på konsekvensane for landskap og miljø sjølv om grøntarealet vart kraftig redusert for å finne plass til større hus og nye parkeringsplassar (sak 10/07).

På reklameplakaten er tomtene flate, men ser du nærare etter, oppdagar du at biletet av huset er teke i ein flatare landsdel!

   
Plankartet viser at det skal byggjast tre tomannsbustader på nedsida av denne vegskråninga. Avkøyrsla startar i ei høgde godt over mønet, og veglengda er mindre enn 10 meter. Kva blir stigninga?

Er det kartet eller terrenget som er feil?

Medlemmene i forvaltningsutvalet forstod nok ikkje at dei øydela tre fine utsiktstomter då dei vedtok nye høgder på tilkomstvegen i sak 37/07. Dersom dei hadde teke seg tid til å snu kartet rett veg, ville dei ha oppdaga at plankartet manglar høgder og fyllingsutslag slik at det gjev null informasjon om konsekvensane av reguleringsendringa.

Rådmannen si tilråding vart klubba igjennom utan spørsmål eller synfaring. (Møteprotokoll).

Resultatet vart øydelage tomtar og ein ubrukeleg veg. Så spørst det om husbyggjarane får lov av forvaltningsutvalet til å endre planen!

   
Dette er den fyrste av dei to firemannsbustadene på oppsida av vegen.

Dei ekstra biloppstillingsplassane tok det meste av utearealet.

I §2.13 i reguleringsføresegnene står det m.a.:

”Eksisterande terreng og vegetasjon skal takast vare på i størst mogeleg utstrekning"

Med dobbelt så store hus som vist i reguleringsplanen, blir det ikkje noko igjen av tidlegare vegetasjon!

Kvifor lagar Sogndal kommune detaljerte reguleringsføresegner som berre enkelte innbyggjarar i kommunen får pålegg om å følgje?

   
Den 29. mars 2007 godkjende forvaltningsutvalet fem mindre vesentlege reguleringsendringar. (Sak 37/07). Etterpå har utbyggjaren følgt sine eigne planar utan merknader frå kommunen.

Hovudvegen vart heva med om lag ein meter, og den nedste vegen vart flytt opp til to meter inn i tomtearealet med denne kommentaren: "Dette medfører at nokre av tomtane i C-feltet vert mindre".

Årsaka til denne endringa, var at den planlagde hovudvegen til Kjørnes III kolliderte med hovudkloakken frå Kjørnes II som kommunen bygde ut på oppsida av riksvegen for over 20 år sidan.

   
Forvaltningsutvalet såg nok at desse endringane ville få store konsekvensar for dei 4 tomtene mellom vegane, men aksepterte rådmannen si forklaring utan å stille krav om avbøtande tiltak som til dømes mur for å redusere fyllingsutslaget nedover tomtene i felt C3.

Utbyggjaren valde å ikkje nemne denne planendringa til dei aktuelle tomtekjøparane. I 2008 selde han tomt nr. C3-3 for kr. 800.000,- og gav opp feil areal som vist på tomtekartet til venstre.

   
Det er husbyggjarane i C-feltet som til slutt tapar på at Sogndal kommune ikkje følgde planen då kloakkledningen for Kjørnes II vart plassert.

Det er synd at Sogndal kommune har eit passivt og likegyldig forvaltningsutval som ukritisk aksepterer rådmannen sine forslag til "mindre vesentlege planendringar" utan å tenkje over konsekvensane.

Det disponible arealet på denne tomta vart 30 % mindre enn det eigaren fekk opplyst då han skreiv under kjøpekontrakten.

Kommunen sin reguleringsplan viser ei vegfylling på knapt 4 meters breidde forbi tomta. Etter at vegen vart heva, kom husmuren heilt inn i vegfyllinga som tok meir enn tre gonger større areal enn planlagt.

   
Utsprenging for denne vegen vart utført til planlagt nivå før entreprenøren fekk melding om at vegen skulle hevast.

Kvifor tok ikkje kommunen ansvar for eigne tabbar og senka kloakkledningen til rett nivå, i staden for denne meiningslause endringa av reguleringsplanen som fekk så store konsekvensar for 4 hus?

Her bør forvaltningsutvalet snart forstå at dei gjorde ein elendig jobb den 29. mars 2007 og tilby seg å ta alle kostnader med ein mur for å vinne inn igjen litt av det tapte tomtearealet.

Forvaltningsutvalet bør gå gjennom rutinane sine og krevje at rådmannen gjev korrekt informasjon om konsekvensane av mange og tilfeldige endringar av ein godkjend reguleringsplan. Planendringane bør kvalitetssikrast av folk som forstår eit kart.

Rev. 27.9.2009